2. feb. 2024

Sett på kino


To kinofilmar på kort tid: Poor Things og The Holdovers. Tidlegare i dag var han fine og eg ein tur nedom sentrum for å sjå Poor Things, regissert av Yorgos Lanthimos. Emma Stone er heilt rå i rolla som Bella Baxter i denne merksnodige filmen. Som ei veninne av meg sa etter at ho hadde sett den for eit par veker sidan: "eg vett ikkje heilt ka eg egentlig såg", og det oppsummerer filmen bra. For her er det filma i uvanlege format (mellom anna med fiskeaugelinse), det er filosofiske funderingar og etiske dilemma, det er blod og gørr, det er frigjering og surrealisme, ein film ein må oppleve sjølv for å skjønne kva det er eg prøver å beskrive. Willem Dafoe og Mark Ruffalo gjer også supre rolleprestasjonar! På sundag var me ein liten gjeng som såg The Holdovers på det store lerretet (eg fekk tatt eit lite stillbilete av traileren som surra og gjekk på skjermane). Å, eg elska tidskoloritten, det tidlige 70-talet med alt det brune og oransje. For ein hjartevarm og berre heilt herleg film. Paul Giamatti speler den noko trongsynte læraren Paul Hunham med bravur, og etter kvart blir ein som sjåar på ein måte litt glad i han. Da'Vine Joy Randolph og Dominic Sessa (i hans debutrolle) må eg også nemne, desse tre karakterane er så forskjellige samstundes som dei utgjer ein finfin trio. Begge filmane er Oscar-nominerte i kategorien Beste film, saman med mellom anna Oppenheimer. Å oppleve gode filmar på kino, er framleis noko eg finn glede i sjølv om me har masse å velje mellom når ein tenkjer på straumetenester. Og at ein av mine favorittfilmar, den aller finaste Cinema Paradiso, framleis har plass på ein av veggane på kinoen, det gjer meg varm om hjartet.

Legg igjen ein fin tanke