5. des. 2022

The World of James Herriot


James Alfred Wight, betre kjent under namnet James Herriot. Ein veterinær i Yorkshire som dreiv praksis der i nesten femti år. Hugsar ikkje heilt korleis det starta, men eg veit at me prata om den gamle TV-serien All Creatures Great and Small då den eine onkelen min var på besøk for eit par år sidan. Sidan lånte eg serien på DVD frå biblioteket og eg blei hekta. I 2020 byrja det ein ny versjon av serien, den har eg så klart sett og likt like mykje som den originale, og bøkene som seriane er inspirert av er eg godt i gong med å lese. I Thirsk har dei laga eit kjempeflott museum i dei gamle praksislokala til Wight, og det var så mange kule detaljar. Forskjellige miksturar i all slags fargar, kjøkken med tidsriktige matvarer og handskrivne syltetøylappar og fleire rom innreia ganske så tidsriktig og slik dei kanskje såg ut då Wight og familien levde der på 1940- og 50-talet.



For før Herriots bøker blei kjempepopulære og han og familien ønskja å leve meir tilbaketrekt, var 23 Kirkgate i Thirsk både ein veterinærpraksis og ein heim. Museet opna i 1999, men blei ikkje det heilt store og var nesten stengjeferdig. Nye eigarar tok over 2011 og har sidan vore ein attraksjon som har vunne fleire prisar for sitt levande museum. I 2019, året før pandemien, var det heile 35 000 gjestar innom, noko som er tilsvarande sju gongar så mange som det bur i Thirsk.

Legg igjen ein fin tanke