13. nov. 2019

"Too much heaven on their minds" 🎶



Jesus Christ Superstar. Den musikalen eg har vakse opp med sidan mamma har LP-en, den musikalen der eg kan songane utanåt både på norsk og på engelsk. Musikalen er ein rockeopera, og den starta som eit reint konseptalbum. For meg er det fyrst og fremst denne originalversjonen frå 1970 som er den eg høyrer på, der Ian Gillian var Jesus, Murray Head Judas og Yvonne Elliman var Maria Magdalena. Musikalmeistaren Andrew Lloyd Webber har komponert musikken medan det er Tim Rice som skreiv tekstane. Eg veit ikkje heilt kvifor eg er så glad i akkurat denne musikalen, men eg blir i alle fall aldri lei av å høyre dei fengande songane. Over kan du sjå songen "Superstar" frå filmversjonen (1973). Så klart har eg den ståande i bokhylla. Liker den godt, men som sagt så er det ingen som slår Murray Head når det gjeld nemnde song og opningssongen "Heaven On Their Minds". Og ikkje minst "I Don't Know How To Love Him" med Elliman. Eg har framleis til gode å sjå musikalen på scena med profesjonelle musikarar – joda, eg såg den på Sola for tretten-fjorten år sidan med fleire lokale musikarar, men eg har ikkje sett den i Oslo, London eller liknande. Når det er sagt, var den oppsettinga på Sola og også den i Bjergsted to gode oppsettingar. Eg må få skryte litt ekstra av elevane ved Stavanger katedralskole: så unge, men likevel så dyktige!

Legg igjen ein fin tanke