6. sep. 2026

Kan ikkje klage







Dei der sundagane kjem alltid litt for fort, og no er me der igjen. Timane på jobb går litt i rykk og napp, for i det eine sekundet sit eg og har unnagjort alt eg skal medan eg i det neste har nye oppgåver i fanget som bør gjerast så snart eg kan. Men eg klagar ikkje, det er kjekt å lære nye ting og kjenne at ein får gjort noko når ein er på kontoret. Eg fortset å kjenne ordentleg leseglede med dei bøkene eg er i gong med no, og det er fint å komme heim og slappe av med å lese nokre sider i både den eine og andre boka. Heilt greitt å ikkje ha nokre planar i helga, berre ta det som det passa seg:

sundagskjensla med scones, marmelade, kaffi latte og vekas Dag og Tid
Jessica Redlands bøker frå Lake District er ordentleg feelgood
skarp og gyllen morgonsol sett gjennom bussvindauget
heimelaga pizza med heimelaga pizzasaus (tomatar frå hagen) 
gleder meg stort til å sjå Les Misérables på Folketeateret om ein månads tid
sjå siste del av Ringenes herre: Atter en konge – det må vere ein av dei aller beste filmane!
titte opp og nyte ein magisk morgonhimmel
naboens rosa dahlia
også i år las eg ein haug med sommarbøker, til dømes Under a Summer Skye av Sue Moorcroft
å komme i gong med Prosessen av Franz Kafka som er neste bok ut i Leseklubben
kornblomane frå hagen i to små vasar
✦ Mummipostkasse
busslesing som blir litt ekstra fin når sola skin inn
✦ hi, hi, søte Olive og hennar favoritteppe
overraske ei god veninne med Morgenlevering
ein favorittkopp på kontoret medan eg jobba med ordrestadfestingar
dus morgonhimmel medan me at frukost
✦ omvising og afternoon tea i Mirandas nye heim
gå ein liten sundagstur med min betre halvdel
artig å hauste inn potetar frå pallekarmen ute i hagen
lese ute på årets siste sommardag
alltid fint å lese bøker om bøker, og The Memory Library av Kate Storey er ei hjartevarm historie

Legg igjen ein fin tanke