9. des. 2022

Ein song til livet





Fyrste gong eg høyrde "Gabriellas sång", var i konfirmasjonen til broren min. Hugsar eg sat i kyrkja og tårene rann då denne scena frå filmen blei vist på lerretet. Songen er så sterk i seg sjølv utan å kunne heile historia, utan å ha sett heile filmen. Filmen er frå 2004, og etter å ha høyrt songen i konfirmasjonen, har eg sett filmen nokre gongar, ja. Og høyrt fleire av songane om og om igjen på Spotify. I 2018 kom musikalen, fyrst i Sverige og sidan her i Noreg. På grunn av pandemien var det ikkje mange som fekk sett den, men den fekk veldig gode meldingar. I haust var dei endeleg ute på turné, og det var stor stas at dei mellom anna kom hit til byen. Ei god veninne blei med meg til konserthuset, og ho var så glad for å oppleve denne musikalen – sjølv kan eg ikkje hugse å ha ledd og grine så mykje om kvarandre som den kvelden for nesten ein månad sidan. Etter å ha sett musikalen, har eg høyrt songane frå nettopp musikalen fleire gongar om dagen, og frå det svenske albumet er Malena Ernman sin versjon av "Gabriellas sång" heilt rå der ho går opp på dei siste tonane. Jannike Kruses stemme passar også veldig godt denne songen. Å sitje i salen og høyre "En sang til livet", det var så flott! Songen er skriven til musikalen og eg hadde dimed ikkje høyrt den før, men no kan eg den så godt som utanåt. Då alt var stengt ned, laga det svenske ensemblet denne heilt herlege versjonen over nettet, ein blir rett og slett både ordentleg glad og litt rørt av å sjå videoen.

Legg igjen ein fin tanke