1. sep. 2026

Byrkjedalstunet






Etter å ha søkt her på bloggen, ser det ut til at det er heile seks år sidan sist me var innom Byrkjedalstunet. Til jul i fjor fekk mannen min eit gåvekort av meg på overnatting der, og i helga fekk me endeleg tatt turen. Frå Stavanger er det berre ein times køyretur (tok litt lengre tid med trafikk og lading av bil), så det gjekk fint å køyre rett etter jobb. Koseleg rom der me las mykje etter å ha ete middag. Me delte eit kakestykke til dessert, drakk kaffi og slappa av med bøkene våre før me tok kvelden. Sov litt frampå laurdagsmorgon før me naut ein god hotellfrukost.







Ein skulle kanskje ikkje tru det i dag sidan det er lysstøyperiet som er hovudattraksjonen, men Byrkjedalstunet starta som eit ysteri for dryge tretti år sidan – det sit altså mykje historie i veggane der. På tunet kan ein til dømes gå inn og ta ein titt på ein kopi av stølshuset på Giljastølen som brann ned i 1945. Eventyrfigurar kan ein også få auge på, og desse tre er vel ganske kjente.

Legg igjen ein fin tanke