29. mars 2024

Endeavour


Påskekrim både i bokformat og på TV-skjermen. Gleder meg til å lese ein del no i påska, og eg har så klart med meg litt krim i sekken opp til hytta. Seriane Shetland og Vera som ligg ute på NRK Nett-TV, får vente (og den som ventar på noko godt...). Ein av seriane som ikkje er årets påskekrim, men som kunne ha vore det, er sesong ni av Endeavour. Eller Unge inspektør Morse. Sesongen var tilgjengeleg i arkivet fram til førre veke, og eg rakk akkurat å sjå den siste episoden. Den aller siste episoden av ein serie eg verkeleg har elska. Tidskoloritten, detaljane, tempoet, karakterane og dei stadige referansane til den originale Inspector Morse-serien. For Endeavour er laga som ein forgjengar til serien som gjekk frå 1987-2000 med John Thaw som Morse. For dryge ti år sidan, var eg ferdig med å sjå alle episodane som blei laga av den originale serien, og eg har jo i tillegg sett oppfølgjaren Lewis som gjekk frå 2006 til 2015. For dryge fem år sidan blei originalserien faktisk kåra til den aller beste britiske krimserien, og det skjønner eg godt. I mine auge er Endeavour vel så bra, og eg kjem til å sakne den. Shaun Evans spelte Morse ypperle, heilt ut til fingerspissane. Og noko som er ganske kult: Shaun Evans var førtitre då han spelte inn siste episoden, John Thaw var førtifire då han byrja å spele den! Over kan du sjå London Metropolitan Orchestra spele musikken frå serien for siste gong, og eg får gåsehud. I eit anna klipp fortel Shaun Evans litt om det å spele Morse. Karakteren dukka for fyrste gong opp i boka Last Bus to Woodstock i 1975 av Colin Dexter. Kanskje eg no må lese bøkene? Tihi, det sa eg også då eg var ferdig med å sjå originalserien ;) Om ikkje anna, har eg i alle fall storkost meg med å sjå alle desse tre seriane over lang, lang tid.

Legg igjen ein fin tanke