Tihi, dessert før middag ;) Då me kom til Oslo på fredag, sette me frå oss i bagasjen i ein oppbevaringsboks på Oslo S og gjekk litt i gatene. Fann mellom anna ein Norli-butikk (han måtte ha ei bok til togturen heim) og me delte ein knallgod gelato frå Paradis gelateria. Skyene over Stortinget byrja å bli mørkare og mørkare, og det byrja å regne medan me sat på Casa Pisano for å ete middag.
Middagen var veldig god, og etterpå var det tid for musikal. Medan folk flest såg fotballkampen mellom Noreg og Italia denne kvelden, koste me oss med Once på Det Norske Teatret. Indiefilmen frå 2007 med Glen Hansard og Markéta Irglová er ein av dei aller finaste filmane, og det er også den filmen songen "Falling Slowly" kjem frå (Hansard og Irglová vann Oscar for beste originale song året etterpå). Eg har høyrt mykje på dei begge to, og i juli kjem dei jo som nemnt med eit nytt album som The Swell Season, som eg gleder meg! Men no er det altså Once det handlar om, filmen som blei musikal i 2011 og som me såg på Broadway i 2014. Før forestillinga byrja, spelte nokre av musikarane i foajéen og sidan på scena før det blei mørkt i salen og det heile starta.
Utruleg flott å oppleve ein av mine favorittmusikalar live, og attpåtil på nynorsk! Eg syntest den minimalistiske scenografien fungerte veldig bra, musikarane var dyktige (dei spelte på scena og ikkje nede i grava, og var dimed med som ein del av skodespelarane) og hovudrollene passa ypperleg som karakterane ho og han. Tårene rann fleire gongar, ikkje minst når dei song og spelte "Styrte sakte". No er det lagt ut fleire forestillingar til hausten, og eg anbefaler varmt å få med seg denne musikalen! Etter forestillinga, tok me toget til Ski og buss til Langhus. Ute bøtta det ned, sånn verkeleg bøtta ned. Me traska frå busshaldeplassen og heim til svogerfamilien, og det var litt ekstra godt å komme inn, ta av oss regntøyet og helse på dei som var heime, mellom anna pusen Mika. Ho låg på senga og ville gjerne bli klappa ei lita stund før me til slutt sa "god natt" og sovna.



Legg igjen ein fin tanke