31. aug. 2021

Litlefjellet




I ei sundagsliste rett før ferien, nemnde eg at ein tur opp til Litlefjellet kunne vere ein bra tur då me skulle besøke svigers. Og det fekk me til. Må nesten le litt, før køyreturen bort tok lengre tid enn sjølve gåturen, men pyttsann. Turen opp til toppen er ikkje lang, men den er bratt og ved eit par parti var det nesten sånn at me måtte klatre. Gjekk turen i lag med ein av svograne mine, og vel oppe på toppen var det noko tåke. Til vanleg kan ein få god utsikt til blant anna Trollveggen. Men litt av Åndalsnes og dei spisse fjella klarte me likevel å få auge på. Humøret var mykje betre enn då me gjekk opp til Liafjellet, og med ein tur innom Rauma Garn blei dette ein veldig bra utflukt.

Legg igjen ein fin tanke