29. aug. 2021

Balkonglesing som ei viktig kvardagsglede






Laurdag og sundag på jobb med veldig få badegjestar. Det har vore kanonbra vêr her i byen, og det merkar me i hallen: sjølv om det har vore fullbooka, sit me og ser på halvtomme basseng sidan det er mange som ikkje møter opp. Så synd, for det er mange andre som klagar på at dei ikkje får plass. Eg veit at det er slik det er akkurat no, men det tærer på når me får tyn for alt frå bookingsystemet til at me bruker lang tid i kassa. Noko sutrete start på sundagslisteinnlegget, men av og til er det godt å berre skrive det ned, få det ut. Og der nokon klagar, skryt andre, og dei kommentarane tar eg verkeleg med meg heim. Balkonglesing fleire av dagane, orkesterspeling (fyrste øving sidan oktober i fjor!), strikking og musikalmusikk frå høgtalarane har vore viktige kvardagsgleder. Meir her:

✦ starte veka med å lese ut ei god bok medan eg høyrde heile Kristina från Duvemåla-albumet
✦ Håndbok for vaskedamer av Lucia Berlin har vore denne månadens novellesamling
✦ Petter Kanin (eller hare då, men pyttsann) som nabo inne hos finaste Ida
✦ solnedgang over Engøybrua
✦ svømme i bassenget, det er ei eiga kjensle
✦ Adam Douglas har ei rå stemme, og kva er vel betre enn ein musikalsong: "This is the Moment"
✦ snedig bok, men det var no ei litt annleis og artig oppleving å lese Odalen
✦ tar med meg dei kundane som skryt av reinhaldet og som meiner eg er løysingsorientert
✦ neste gong me er hos svigers, må me komme oss ut på Aursjøvegen – for ein flott og vill natur!
✦ dette paret som syng Disney-songar heime i stova
✦ enn så lenge i mindre grupper, men gurimalla – så gøy det var å spele med orkesteret igjen!
✦ nokre tankar om Instagram og om det å ikkje naudsynt dele absolutt alt frå Maria
✦ laurdagstaco etter jobb og sjå Dreamworks-filmen Home frå 2015
✦ måkeungen som stadig sit rett utanfor hovudinngangen på jobb, både morgon og kveld
✦ søte, lille katten som får mat av ein god person
✦ høyre litt på Stjernekamp, så mange gode stemmer
✦ måndagskveld ute på balkongen under eit teppe, han og eg og kvar vår bok
✦ hytteliv, fantasisk utefrukost, geiter på tvers av bilvegen og mykje hygge, også dette inne hos Ida
✦ Lene Ask si bok O bli hos meg om misjonærborn er både rå, sår og har vakre illustrasjonar
✦ roser i ei vase frå mannen min fordi han ønska å gjere dagen litt mjukare 
✦ lese ute på balkongen etter jobb både i går og i dag, senke skuldrene og berre slappe av

Legg igjen ein fin tanke