23. aug. 2021

"Dra meg nå baklengs inn i fuglekassa"







Skriv det fyrst som sist: eg startar veka med eit stort bileteras frå besøket vårt på Aukrustsenteret! Eller Huset Aukrust som det no heiter. På veg til Røros frå svigers køyrde me innom Alvdal der me stoppa ved huset. Dei fyrste som møtte oss var Solan og Ludvig. Etter kvart som me gjekk der inne, las med om oppveksten og familien hans, såg på alle dei rare og kule oppfinningane og oppdaga at han også måla nokre fine måleri. Måtte smile av nyttedyret vusvolen som visstnok kjem frå Sunnmøre ;) Også festmålaren med teljeverk, fantasien til Aukrust var noko heilt eige!








Koseleg å sjå skisser og lære meir om Aukrust sine karakterar, og kanskje særskilt Solan og Ludvig. Dei to me alle har sett i filmen Flåklypa Grand Prix frå 1975, og dei som eg hugsar veldig godt frå Solan, Ludvig og Gurin med reverompa frå 1998. Begge to er liksom så koselege, på kvar sin måte vel å merke, for jaggu meg er dei forskjellige. Eg syntest portrettveggen der ein kan skimte blant anna Emanuel Desperados var stilig laga til, akkurat som ein vegg full av familiebilete.








Bilen Il Tempo Gigante, ein gammal koffert frå Flåklypa Tidende, ein sjokolademaskin, måneraketten sjølve senteret og til slutt eit glimt av rommet til Reodor Felgen. Eg har faktisk ikkje lese nokre av bøkene til Aukrust enno, men me har Simen ståande i bokhylla. Legg den høgt i lesehaugen min (som alltid berre blir større og større). Manglar forresten å sjå dei tre filmane i den nye, animerte filmserien. Tenkjer me kjem til å låne dei på biblioteket, sånn i adventstida; den fyrste heiter jo Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa. Flåklypa-universet er noko både for små og store. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Takk for at du deler dette med oss Silje ♥ Selv elsker jeg Solan, Ludvig og resten av Flåklypauniverset. Og hit har jeg SÅ lyst å reise nå ;) Jul i Flåklypa er forresten veldig koselig. Den tror jeg du blir å like ;)

Silje sa...

Berre hyggeleg, alltid litt ekstra kjekt når andre kan få glede av reiser, bøker eller små kvardagsgleder som eg deler :) Aukrusts univers er noko heilt eige, eg skjønner ikkje kor all fantasien kom frå ;) Me får prøve å huske å sjå filmen til juletider, det trur eg blir bra ♥

Legg igjen ein fin tanke