1. aug. 2021

Ferietid både langs vegen og heime hos svigers







Kjenner denne ferieveka har gjort godt. Er heldigvis to veker igjen, og til no har me opplevd ein god del allereie. Gleder meg til å blogge om dei forskjellige opplevingane når seinsommaren og hausten tar til, i kveld får det halde med ein liten kavalkade (akkurat som måndagskveld då sundagslista kom ein dag på etterskot). Akkurat no medan eg skriv dette sit me på eit koseleg pensjonat i Røros. Køyrde frå svigers på Sjøholt i dag tidleg, og her i Røros blir me ei natt. Eg har lenge hatt lyst til å sjå denne verdsarvstaden! Dagane hos svigers har gått fort, me har fått slappa av, nytt naturen og vore i lag med familie. Eg tenkjer at det snart er leggjetid og at det er på tide å trykke "publiser":

✦ morgonstund med kaffi i favorittkoppen og ei bok foran meg
✦ frukost i det fri ved hobbithytta måndagsmorgon – perfekt start på (ferie)veka!
✦ og etter å ha ete frukosten faktisk nyte vêret med å strikke ei lita stund ute før me køyrde vidare
✦ ny vlog frå Jonna, dei er like interessante, fascinerande og flotte gong på gong
✦ One Last Greek Summer, ei herleg sommarbok av Mandy Baggot
✦ den årlege køyreturen ut til Langevåg og Devoldfabrikken med blant anna Pralina sjokolade
✦ besøke Kyrkjetorget og den nye kaféen på Stolt Mat
✦ likte godt å lese den fine boka The Bookshop on the Corner
✦ og oppfølgjaren The Bookshop on the Shore
✦ ekornet Ella er eit sjarmtroll
✦ Aukrustsenteret i Alvdal var eit ordentleg koseleg stopp på veg til Røros i dag
✦ alle dei gamle husa her i Røros
✦ gå den korte, men bratte turen opp til Litlefjellet
✦ å fullføre toppturen til Liafjellet når humøret var heilt på botn
✦ lese og strikke ein heil del fleire timar kvar dag
✦ søtaste Coco er like sjarmerande som alltid
✦ fann flott garn til eit nytt strikkeprosjekt då me stakk innom Rauma Garn på fredag
✦ feriero i kroppen
✦ Sødahlshuset i Åndalsnes, var innom for kaffi og ein matbit både måndag og fredag
✦ køyre om Trollstigen på vegen til svigers måndagskveld

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Takk for besøket :-) Jeg har nå begynt å lure på hvor mange ganger du har vist fram bilde av disse gamle kaffekoppene våre - eller en av dem da. Kanskje du kan vise hele settet neste gang, så har alle koppene fått vist seg fram :-) Jeg vet det er "yndlingskoppen", og faktisk er jeg enig - jeg liker også best å drikke kaffe av disse. Og så er de kjøpt på Kyrkjetorget :-)

Silje sa...

Hi, hi! Men den koppen er jo så koseleg (om ein kan seie det om ein kopp), og det er blitt ein tradisjon at det er den eg tek fram gong på gong ;) Koseleg å vere på besøk og treffe dykk alle saman igjen :D

Legg igjen ein fin tanke