19. aug. 2021

Gullgruvejakt etter ein storslått musikal










Førre onsdag reiste eg opp til Bømlo i lag med ei veninne for å sjå musikalen Kristina frå Duvemåla. Musikalen er basert på Mobergs Utvandrarna-tetralogi, og det er Björn Ulvaeus og Benny Andersson som står for musikken. For ei storslått oppleving, så glad og takksam for at me fekk oppleve denne musikalen som ein ordentleg sceneversjon! Me budde på Stord hotell der me åt ein kjempegod middag og ein herleg frukost dagen etterpå – rett og slett full klaff. Torsdagen hadde me ingen planar, og då nytta me sjansen til å køyre ut til gullgruveområdet på Lykling. Små turløyper på kryss og tvers, fargesterk klokkelyng og stilige steinar, eit veldig flott område å utforske. I 1862 fann ein gjetargut den fyrste gullklumpen, og på slutten av 1800-talet var det fleire selskap som leita etter gull i dette området. Eu av gruvene er open slik at det går an å gå inn, og me var der ei stund og såg oss rundt. Kan du sjå dei ørsmå gullbitane på steinveggen? Før me drog snuten heim til Stavanger, stakk me innom bruktbutikken Plant et tre. Her hadde dei ordna alle tinga slik at det var eit system, både etter farge og etter kategori. Tilfeldigvis såg eg ei av bøkene musikalen er basert på stå i bokhylla. Artig! Ein grøn, gammal symaskin fanga også blikket mitt. Og så var det på tide å køyre heime, akkurat tidsnok sidan regnet byrja å hølje ned. 

Legg igjen ein fin tanke