6. aug. 2021

Nigardsbreen




Ser du breen langt der borte? Ikkje den kvite heilt på toppen, men den lille lyseblå flekken. Det er Nigardsbreen. Breen er ein av dei mest besøkte breutløparane frå sjølvaste Jostedalsbreen. Etter å ha pakka saman tinga våre på Nes Gard, køyrde me opp mot breen, parkerte bilen og gjekk dei nesten tre kilometrane til foten av breen. Vêret kunne me ikkje klage på, det var akkurat passe med folk (slik at me ikkje gjekk i kø) og brevatnet var så fint å sjå på i den vakraste blågrøne fargen.






Sidan me gjekk utan breførar, gjekk me ikkje heilt opp til breen, og me heldt oss innanfor sperringane. Kanskje skal det neste steget vere å faktisk gå på ein bre med ein breførar?! Fekk likevel eit visst inntrykk av breen. Og den sterke lyseblå fargen på breen, like flott som vatnet! 







Fjellet var full av struktur og mønstre, fascinerande. Åt matpakka vår og drakk ein kopp med kaffi, kjente sola varme andleta våre. Frisk luft. Turen fram og tilbake blei på snaue seks kilometer, så lang var den ikkje, men det var godt å bevege på beina etter å køyrd ein del i bil dei føregåande dagane. Bra, liten feriegåtur. Elles så koser me oss på Langhus no med familie og to søte kattar.

Legg igjen ein fin tanke