18. juli 2021

Klar for ferie






To dagar går litt for fort, i alle fall når ein er bortskjemt med å ha fire. Snakkar om fridagar viss det var uklart. Vel, vel. Eg har fått vere akkurat passe sosial, lese ein heil del, ete sundagsmiddagen på restaurant og prøvd å slappe av. Ei helg etter min smak. Vekedagane har vore betre enn førre veke sjølv om det å gå på jobb annakvar dag tidleg og seint framleis ikkje er noko eg liker. Kven var det som eigentleg fann på det opplegget?! Men no er det berre fem dagar igjen, og det skal gå bra. Det hjelper å ha noko å sjå fram til. Kva med deg, har du noko å sjå fram til i veka som kjem eller den nærmaste tida? Om ikkje anna, kan du kose deg med fleire av dei fine punkta rett under:

✦ språket til Jón Kalman Stefánsson, like fint i Stjernens knitring som i dei andre bøkene hans
✦ blir ikkje lei av å spele "Kortskalle" – så enkelt og likevel så artig
✦ filmen The Mitchells vs. the Machines på Netflix var ei herleg overrasking
✦ mange gode tips til forskjellige kulturopplevingar rundt om i landet no i sommar
✦ tinge overnattingar til ferien
✦ kaffidate på kafé i lag med ei god venninne som eg ikkje hadde sett på lenge
✦ Twiggy-topp i tre forskjellige variantar, den nyaste i ein kort, varmgul variant
✦ "Top 10 Greatest Broadway Love Songs" – med songar både frå RENT og Little Shop of Horrors
✦ finfin bokkopp, kakao med bittesmå marshmallows og bok
✦ lese ut novellesamlinga Avgrunnen og andre noveller av Doris Lessing 
✦ hadde vore kjekt å stikke innom kaffibrenneriet Jacu når me er i Ålesund
✦ ete sundagsmiddag på Kronen Gaard i lag med heile familien
✦ og det var litt ekstra stas å ta på meg ein av kjolane som eg har arva frå mamma
✦ balkonglesing fleire av dagane, noko som gjorde godt for kropp og sjel, særskilt etter jobb
✦ lille, søte Coco er på farten igjen
✦ kjøpe garn i ein heilt nydeleg farge, gleder meg til å byrje å strikke ein ny genser
✦ kjempefin tur (Skeieturen) i går, og det var gøy å prøve å hengje i ei lita linebane
✦ stikke innom Heddas gård heilt på slutten av gårsdagens tur
✦ Litlefjellet kan bli ein bra gåtur når me om ikkje lenge skal til Møre og Romsdal
✦ bra skrive frå Håheim om det å ta over familiegarden
✦ nybakt brød ikkje lenge før leggjetid
✦ prøve å finne ut kva bøker eg skal ha med meg når me reiser på fredag

Legg igjen ein fin tanke