18. aug. 2021

Hobbitar for ei natt





Noreg er kanskje ikkje det same som New Zealand, men når ein kan bu i ei hytte som får meg til å tenkje på Hobsyssel frå Ringenes Herre, då er det plutseleg ikkje så langt unna. Å finne artige, unike, historiske og fine plassar å besøke og overnatte på, er for meg ein del av planlegginga. I ei reisebok eg lånte før me drog på ferie, fann eg desse kule eventyrhyttene. Hyttene er det fem av og ligg hos Sjodalen hyttetun og camping. Dei er inspirert av Tolkiens univers, har ei høg dobbeltseng med utsikt rett ut mot skogen, vasskanne og vasskokar, eit lite kjøleskap og to gode stolar. Dusj og toalett er i hovudbygget på campingen, men ein dusjpolett til kvar er inkludert i prisen, og med kort vei dit, er ikkje dette noko problem. For å bu i denne lille hytta er ei oppleving i seg sjølv.






Sov kjempegodt i senga. Før me sovna, låg me ei stund og las i kvar vår bok og titta ut i skogen der me såg både ein hare og eit ekorn. På campingområdet har dei laga til ein eventyrskog, eller Sagaskogen som dei kallar den. Litt artig å gå ei miniløype og lese eventyret om Raudhette og ulven. Flott gjerde, skilt rundt omkring med mange hyggelege sitat og den kvite reinlaven som låg på bakken som små blomkålbitar, denne campingplassen er rett og slett kjempekoseleg!






Om du er meir glad i telt og høgde, går det an å overnatte i stilige svevetelt, i alle fall om sommaren. Me testa ut puben i gammen utpå kvelden, for ein koseleg plass å lese og drikke kakao. Tidlegare på kvelden åt me forresten middag ute på ein benk på campingen, og eg må få skryte av maten dei lagar der. Elgkarbonadane var kjempegode, og så den mjuke potetmosen! Det går også an å leige vanlege hytter eller campe med bubil, telt eller campingvogn, i denne skogen er det noko for alle :)

Legg igjen ein fin tanke