16. aug. 2021

Dagstur opp til Moslivatnet





Zalo på fanget til favorittpersonen. Tok eit par nokså like bilete i påska, tihi! Det er ingen tvil om at så lenge han er innanfor synsvidde, er det pappa som er kongen ;) Broremann, min betre halvdel og eg stakk opp til hytta på ein liten dagstur i gråvêret på laurdag. Gjennom heile dagen kom det fleire bøyer med striregn, og det var ordentleg grått. Me koste oss inne med prat, kaffi, strikking (sjekk ut den fantastiske kongeblå fargen!), litt kake og endå meir kaffi. Nokre avslappande timar på hytta.

Legg igjen ein fin tanke