15. aug. 2021

Tre bøker, to utflukter og ein musikal






Annakvart bilete er av bøker, noko som ikkje kjem som ei overrasking. I løpet av veka har eg fått slappa av og lese mykje, hatt få planar og det har vore heilt greitt. Ei utflukt til Bømlo og ein dagstur til hytta i går må eg ikkje gløyme å nemne der særskilt turen til Bømlo med ei veninne var superhyggeleg! Tenk at det allereie er ti år sidan sist eg var ute på "øyno". For dei som ikkje hugsar det, gjekk eg jo på folkehøgskule der ute. Rart å vere tilbake på gamle trakter, nostalgi på ein god måte. I morgon er det rett på morgonskiftet, tre ferieveker har gått fort. Vekas lille liste:

✦ knallgod cappuccino og bok nr. tre i den flotte Tremarnock-serien
✦ vekas absolutte høgdepunkt: sjå musikalen Kristina frå Duvemåla ute på Moster Amfi
✦ fin song inspirert av Ringenes herre
✦ finne ein bra gjenbruksbutikk langs vegen då me køyrde ute på Bømlo. 
✦ sjå ferdig den åttande sesongen av The Goldbergs, og det blei både latter og tårer
✦ inne hos Kraftverk design finn ein gamle, stilige ting, blant anna denne keramikklampa
✦ investere i ei ny bunadsskjorte
✦ endå ei småvittig sommarbok skriven av Mandy Baggot
✦ har byrja å sjå på Verda rundt på skjener med Tony Robinson på NRK Nett-TV
✦ smakebit av den eplegrøne toppen eg har hatt på strikkepinnane
✦ dagstur opp til hytta i går der det blei prat, kaffi, strikking og lesing
✦ knallfine glasskåler kjøpt hos Celsius Glass Studio på Devoldfabrikken
✦ setje meg til rette med strikketøy og krimserien på skjermen
✦ gullgruvejakt då veninna mi og eg gjekk litt rundt på Lykling
✦ få framskunde vaksinedose nummer to med ein god månad
✦ glimt frå juni med Mira som sjarmtroll inne hos Et katteliv
✦ laurdagstaco og Jurassic Park, ein veldig bra kveld
✦ minikatt som fann ein god person å bli med heim
✦ digga å lese Red, White and Royal Blue i fjor, og McQuistons One Last Stop er like herleg
✦ liten handle- og biblioteksrunde med mannen min på tysdag, og då blei det middag ute på Egon

Legg igjen ein fin tanke