25. aug. 2021

Buøyturen







I helga var det knallbra vêr, og me fann ein tur me ønskte å gå. Desse kvardagsturane er heil geniale sidan dei aller fleste er lett tilgjengelege og det faktum at det er ein enkel måte å bli betre kjent med byen på. Buøyturen stod for tur, ein sju kilometer lang tur som tar oss over både Bybrua og Pyntesundbrua på øyene Grasholmen, Sølyst, Engøy og Buøy. Variert terreng med både små skogsstiar og små vegar langs kysten. Modne bjørnebær, skuggespel på grusstien og eit spøkelsesskilt, detaljar ein plutseleg legg merke til. Og den trolske stemninga nede på havbotnen.

 






Trur ingen av oss tre har vore noko særskilt ute på desse øyene, så for oss blei dette ei ordentleg oppdaginsgferd. Gamle bygg frå ei svunnen tid, ein seglbåt (skjønner godt at dei ville ute og segle den dagen), fargerike blomar i eit bed og eit skulebygg. Stilig å sjå bybrua frå eit anna perspektiv, nemleg frå undersida. Ute på Engøy gjekk turen forbi huset til ei veninne, og det blei eit spontant besøk ute på terrassen då det viste seg at ho og kjærasten var heime. Kjempekoseleg! Sa "ha det" til dei to, og før me kom oss heilt heim, var det kaffipause og litt prat hos Heddas på Hundvåg.

Legg igjen ein fin tanke