9. aug. 2021

Over fjellet mellom to fylke







Roleg måndag. Smårydda litt, lese, handla mat og vaska klede. Også i år blei det fleire fjellovergangar på oss medan me køyrde rundt omkring. Det er ikkje slik at me bevisst vel å køyre på ein av dei atten nasjonale turistvegane, men eg må seie at det er litt stas når me fyrst gjer det. Køyrde også over andre litt mindre fjellovergangar, meir om dei seinare. For etter å ha vore på Nigardsbreen, blei det ein snartur innom Skjolden for å ete lunsj med eit venepar og sidan Sognefjellet. Vegen går mellom Gaupne i Vestland fylke og Lom i Innlandet. I den kanten av landet manglar me framleis å køyre Gaularfjellet og Gamle Strynefjellsvegen, denne gongen blei det ikkje høve til det – me har det difor til gode! Sognefjellet skein verkeleg den sundagen med knallblå himmel, kvite dottar på toppen av dei mørke, spisse fjella, grønt på fjellsidene. Opp gjennom flotte Bøverdalen heilt til det høgste punktet 1434 meter over havet, noko som gjer fjellovergangen til Nord-Europas høgste. Stoppa på rasteplassen Mefjellet der eg tok eit ekte postkortbilete gjennom "Steinen". Ein kan gå fotturar, stoppe på endå fleire stilige rasteplassar eller berre nyte utsikta frå bilvindauget. Slike vegar med all den vakre naturen, det er Noreg i eit nøtteskal! 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Å, så majestetisk natur - og for en gøyal "bilderamme", hoho! Det virker som at dere har besøkt så mange flotte steder i sommer!

Silje sa...

Kan ikkje seie noko anna enn at Noreg er eit vakkert land! Me har kost oss veldig med å køyre rund, berre nyte den norske naturen, ta oss god tid, besøke slekt og oppleve stilige overnattingsplassar og kunstutstillingar :D Hei, hurra for ein biltur i vårt eige land!

Legg igjen ein fin tanke