12. aug. 2021

To kaféar heilt etter vår smak






Heime igjen etter ein liten tur tur-retur Bømlo for å sjå Kristina frå Duvemåla. For ei oppleving frå ende til annan! Musikalnerd er eg til det fulle, og eg vil nok alltid vere det :) Før eg tenkjer på å leggje meg, ville eg berre tipse om kaféen Sødahlshuset i Åndalsnes. Me enda opp med å ete middag der på veg til svigers, og det blei ein enkel lunsj der etter å ha ha vore på Litlefjellet. Med andre ord var me der to gongar i løpet av den snaue veka me var på Sunnmøre. Maten og cappucinoen var knallgod (vegetarburgeren kan verkeleg anbefalast), hyggelege tilsette og stilen – vel, den taler for seg sjølv. Tihi, det er kanskje ikkje så rart at me likte oss der ;) Dei to nedste bileta er frå Stolt Mat, for også der var me innom for ein kopp kaffi og noko attåt to gongar. Må seie at det er stas at bygda har fått ein så koseleg kafé, håper på fleire framtidige kaffibesøk på denne herlege plassen!

Legg igjen ein fin tanke