8. aug. 2021

Kjentfolk, to fine kattar og mange timar i bil







Alltid litt rart å komme heim etter å ha vore borte ei stund. Nesten ei nostalgisk kjensle – sjølv om det berre har gått seksten dagar. Denne veka har det gått i eitt samstundes som me har slappa av, med andre ord litt av alt. Starta i Røros, køyrde til Sjusjøen, var der til onsdag, vidare til Langhus og no er me heime i Stavanger. Koseleg å treffe kjentfolk, både hans og min familie. Me har sett på kunst, kjøpt brukskunst, vore ute på båttur i lag med Langhus-gjengen, klappa dei to søte kattane Mika og Camilla, bada og det eine med det andre. Mange mil i bil (ha, ha, det rima!). No til veka tenkjer den største oppgåva er å lande etter "o store biltur". Slappe av med bok og strikking, skal ein tur til Bømlo for å sjå musikal og elles få store planar. Snart leggjetid, så nok prat:

✦ elsk på bøker om bøker, og trilogien om "The Paper & Hearts Society" har vore kjempekjekk
✦ besøke svogerfamilien på Langhus der me også fekk treffe dei to finaste kattane
✦ stepping i ein musikal, det ser så innmari artig ut
✦ finne ein museumskafé langs vegen i dag som hadde ei overraskande god buffet
✦ gjenbruk av brukbart avfall her i Stavanger
✦ solnedgangen over tretoppane på Sjusjøen
✦ båttur to gongar då me var på besøk hos dei på Langhus
✦ at me på gårsdagens båttur tok turen til Åsgårdstrand der me hadde utekaffi med tante og onkel
✦ hi, hi, herlege Bailey skjønner ingenting når den lille katten har tatt senga hans
✦ er du i Jevnaker-området, må du stikke innom skulpturparken Kistefos
✦ den tredje boka av Lyssa Kay Adams, Crazy Stupid Bromance, er full av varme og humor
✦ leggje turen innom Hadeland Glassverk og der ta ein "tur" i Monets hage
✦ stuparen Tom Daley, som nyleg vann OL-gull i synkronstup, strikkar og heklarmykje tøft
✦ okei, å reise med Venice Simplon Orient Express er veldig dyrt, men det ser også veldig gøy ut
✦ og apropos musikal: gleder meg til å sjå Mamma Mia! i Oslo med ho eine niesa mi
✦ artig å køyre Birkebeinervegen då me skulle til Sjusjøen frå Røros
✦ spesiell og stilig keramikkunst inne hos Lysgaard keramikk i Røros
✦ tanta mi som overraska oss med at ho også var i hytta på Sjusjøen
✦ liten tur til Lillehammer der me var innom det kreative kollektive Fabrikken
✦ Beach Read var ei herleg sommarbok
✦ fint vêr og mange sauar då me køyrde Suleskarvegen i dag

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

FOR en flott søndagsliste Silje! Kunst, keramikk, strikking, katter, familiekos, musikaler, og ikke minst Venice Simplon Orient Express, som vi bestemte oss for et drøyt år siden å reise med en dag. Det blir nok en stund til, på grunn av korona. Men en dag.... ;) Takk for en herlig liste ♥ Jeg storkoste meg med den! Sensommerklem fra nord.

Silje sa...

Orientekspressen har vore ein draum leeenge (Agatha Christie veit du), men me får spare litt, for det er ingen billig reise ;) Takk for ein fin kommentar, keramikk, kunst, søte kattar, musikalar og tid med familie er noko me set pris på, og me har hatt ein kjempefin ferie! Tilbake til boka og strikketøyet, klemmar frå sør ♥

Ida sa...

Det er det samme her - Agatha Christie som har inspirert ;) Og, ja det blir nok litt sparing framover. Hehe ;)

Silje sa...

Les jo ei bok av ho kvar månad, blir nok aldri lei ;)

Legg igjen ein fin tanke