11. aug. 2021

Liten tur opp til setra







Gammalt "Scrabble", knytt teppe på veggen, oljelampe i taket, gammal vedomn med eit fint motiv. Tjukk tåke over fjelltoppane, ein frosk blant lyngen og blåklokkar blant gule strå og grønt gras. Ein av dagane då me var hos svigers, stakk me opp til setra der ein plukka blåbær, ein annan gjekk tur og to av oss rydda litt inne på selet. Tida har stått stille her, akkurat som eit par av dei plassane me overnatta på i løpet av bilturen. I kveld blir det musikal i amfiteateret på Bømlo, gleder meg!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

For en herlig stemning i dette blogginnlegget! Både ord og bilder falt veldig i smak ♥ Og et sånt gammelt Scrabble ønsker jeg meg til hytta vår ;)

Silje sa...

Det er noko med slike små plassar, ein stad med historie, som gjer noko med stemninga. Du er berre best når det gjeld å leggje igjen fine ord her, Ida. Tusen takk ♥

Moder'n på Møre sa...

Du verden - der har jeg vært før :-)) Dessverre lite brukt de siste åra. Men dere i den yngre garde kan vel rette på det? Teppet på veggen knyttet Farfar en gang for lenge siden da han satt med brukket fot! Og tenker jeg meg om så er det noen du kjenner som har malt golva og sydd gardinene :-)

Silje sa...

Veggteppet er kjempefint, særskilt fargane ;) Ja, eg har høyrt om fargen på veggen då den blei måla. Koseleg, liten plass der oppe, ingen tvil om det! :)

Legg igjen ein fin tanke