27. aug. 2021

Gammalt sagn og rømmegraut på fjellet




Sola skin og fredagen er her. Sjølv skal eg jobbe heile helga, er litt spent på korleis det blir sidan det er nokre månadar sidan sist. Over kan du sjå eit par bilete frå vår miniutflukt til Ridderspranget. Ridderspranget er eit juv i elva Sjoa, og me måtte jo nesten sjå det sidan det låg veldig nær Sjodalen der me budde i den der hobbithytta. Juvet har fått namne etter eit sagn frå 1300-talet. Sagnet fortel at ridderen Sigvat frå Vang hoppa over juvet med Skårvangssola, jenta han elska og som han røva frå ridder Ivar Gjeslinge, etter å ha svidd av heile garden til Gjeslinge. Og nei, me prøvde ikkje å hoppe over, eg håper dei færraste prøver på det. Etterpå køyrde me vidare til Garmo og ei seter.






Lunsjen åt me på Brimi Sæter. Me hadde jo ein roleg start på dagen med frukost klokka ni, lesing og litt strikking. Då me køyrde frå campingen, var klokka tolv, og etter eit besøk ved juvet, passa det fint med lunsj. Her lukta det ordentleg fjøs, me helste på søte kalvar og åt ein rund og veldig god rømmegraut. Sidan blei det Slådalsvegen, Åndalsnes, Trollstigen og til slutt svigers.

Legg igjen ein fin tanke