30. aug. 2021

Lysgaard Keramikk




Treng litt fargar på ein måndag, og dimed legg eg ut bilete frå kulaste Lysgaard Keramikk i Røros. Sidan 1987 har Per Lysgaard jobba fulltid som keramikar i galleriet og verkstaden i Røros.  Å, der inne var det fargar og keramikk overalt. På golv, på veggar, på taket, installasjonar og brukskunst. Sjølv har me nok av koppar og telyshaldarar, men ein kan garantert finne mange flotte gåver her, til dømes "koppen for den musikalske" ;) Er du i Røros, må du stikke innom denne fargeglade plassen!

Legg igjen ein fin tanke