3. aug. 2021

Svipptur innom Balestrand







Det er vel ikkje berre eg som synest at feriane går litt for fort. For tenk – det er allereie halvanna veke sidan me vakna opp i Brekke, åt frukost og køyrde vidare i retning Fjærland. På veg til bokbyen, valde me å køyre ein litt lengre veg sidan me ønskja å ta ein lunsj og sjå oss litt om i Balestrand. Som sagt, så gjort. Vêret var verkeleg på vår side, og etter å ha ete litt mat, spaserte me bort mot Kviknes Hotel. Du kan ikkje unngå å få auge på det, hotellet som ligg heilt ute ved fjorden. Majestetisk syn. Koste oss med to (store) iskular i sola før ferda gjekk vidare. Knipsa eit bilete frå bilvindauget av landskapet ein eller annan plass mellom Balestrand og Fjærland. Vestlandet, altså.

Legg igjen ein fin tanke