18. aug. 2021

Hotellfrukost i det fri





Frukost ute i det fri, attpåtil ein hotellfrukost i ei flott korg. Kan det bli betre?! Me unnte oss ein slik frukost på Sjodalen og tinga den til klokka ni. Vakna i god tid, og sidan det var såpass varmt ute allereie, sette me oss ut, han med ei bok og eg med strikketøyet. Slik sat me då ho eine frå kjøkkenet kom gåande med frukosten i korga. Her var det egg, varme rundstykke, diverse pålegg, knekkebrød, jus, melk, eple, yoghurt og vaflar. Kokte vatn og laga pulverkaffi. For ein superduper start på dagen! Etter å ha ete, sat me ei stund til og berre tok det heilt med ro. Fekk plutseleg eit lite besøk av ei mus berre eit par meter unna hyttedøra. Sjå så søt den er! Å, denne campingplassen 

Legg igjen ein fin tanke