

Røros, Sjusjøen og Langhus dei siste dagane. Om ikkje lenge er det plutseleg tilbake til Stavanger igjen. Som i fjor har me hatt ein superbra bilferie, og me har fått med oss mykje utan å stresse. Eg tenkte å leggje ut eit innlegg her no frå overnattinga me hadde etter å ha vore i Fjærland. Jada, eg veit, eg har ikkje blogga om bokbyen enno, men den som ventar på noko godt og så vidare. Turen gjekk til Nes Gard og Lustrafjorden. Det er sjuande generasjon som no driv garden som tidlegare dreiv med husdyr og fruktproduksjon. Gardstunet frå omtrent 1830-talet er restaurert og blir drive som ein gjestgard. Me hadde ikkje før komme fram før det var på med badetøyet og ut på ein liten svømmetur i fjorden. Litt kaldt med det same, men etter kvart var det berre heilt herleg!

Legg igjen ein fin tanke