13. aug. 2021

Sauar både ute og inne




Strikking, psykologisk krim på skjermen og lesing har stått på planen i dag. God start på helga, og håper eg klarer å nyte dei siste dagane av ferien. Strikka også ein god del då me var på Sjusjøen i hytta til onkelen min. Hytta ligg i eit mellomstort hyttefelt og nær vegen, men her fann me likevel roa. Tida strakk ikkje til med tanke på å gå tur i området (her er det mange turløyper), det får me heller ha til gode. Begge kveldane stod sola i brann på himmelen, og det var eit magisk syn.

 




Sauar i fleng går og beitar overalt i området, og så å seie kvar dag kan ein høyre sauebjellar ringje. Kva er vel meir naturleg enn å ha ein form for sauetema inne i hytta?! Tihi, eg synest dei er søte, både dei ekte utanfor hytta og dei artige som ein finn inne. For som vanleg: sauar er ålreite dyr ;)

Legg igjen ein fin tanke