20. aug. 2021

Fare for både sauar og troll







I staden for å køyre inn til Otta etter å ha vore i Sjodalen, køyrde me Slådalsvegen mellom Vågåmo og Lesja. Vegen er ein 3,2 mil lang, sommaropen grusveg der det høgste punktet er 1180 moh. Kva er det med oss og slike vegar lurer du sikkert på. Som eg har skrive før, er det noko med å nyte vegen mellom A og B, kunne stoppe og trekke frisk luft, beundre den norske naturen. Tidleg såg me skilt om at me måtte vere obs på sauar i vegen, og det tok ikkje lang tid før me møtte på fleire av dei. Å, som dei låg der og slappa av. Og den svarte med kvite flekkar var litt ekstra sjarmerande. 

 





Seinare på dagen, etter å ha ete middag i Åndalsnes, tok me omvegen om Trollstigen for å komme til svigers på Sjøholt. Førre gong me køyrde der, for veldig nøyaktig ti år sidan, var det ein god del tåke store delar av turen, så det var stas med opphald i år slik at me kunne sjå landskapet betre. Trollstigen er ein del av nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen, med andre ord blei det jaggu meg endå ein slik turistveg på oss i løpet av ferien. Fekk ikkje tatt bilete av det i farta, men me såg faktisk eit "fare for troll"-skilt før me byrja å klatre opp alle dei krappe svingane ;) Elleve hårnålssvingar, alle med eigne namn. Ei gammal bru langt i det fjerne, fossar som trillar ned fjellveggen og ikkje minst den svingete vegen, eit fascinerande syn. Historisk er Trollstigen ein gammal fjellovergang mellom Valldal og Åndalsnes, og er no ein av Noregs mest besøkte turistvegar. Eg skjønner kvifor! Godt å ha fri no etter fem tidlege morgonar, beina på bordet!

Legg igjen ein fin tanke