✦ Christie-bøker, denne månaden Mot nullpunktet – for meg er ho Krimdronninga med stor K
✦ kunde som skrytte av servicen då eg over telefonen hjelpte han med eit klippekort
✦ ikkje så kjekt å vakne til punktert sykkel, men det var veldig godt å bruke beina fatt på veg heim
✦ ungar som langs jobbvegen song på "Danglebærsangen" (og latter då eg song litt med)
✦ prate ein times tid med ein god ven på Gamlingen i går
✦ illustrasjonane til Anna Speshilova
✦ Buøyturen i går der me gjekk på skogsstiar, over bruer, langs sjøen og var verkeleg på safari
✦ koseleg å stikke spontant innom ei veninne i går, for ho bur langs turløypa
✦ altså, kan det bli søtare når ein stor hund endar opp med å passe på ein bitteliten katt?!
✦ lese ute på balkongen med noko godt i glaset fredagskveld etter fyrste veka tilbake på jobb
✦ generelt lese ute fleire av dagane denne veka
✦ leenge sidan sist, men gøy å høyre ein episode av Coffee Break French
✦ krimboka Gjestelisten av Lucy Foley
✦ undulatane Wolfie og Sharkie, dei er både søte og veldig kule
✦ grille ute og feire bursdagen til ei barndomsveninne
✦ kule vimplar inne i bursdagslokalet og det var god (konkurranse)stemning då me hadde quiz
✦ nye episodar av Grace and Frankie
✦ laurdagskaffi ute på Heddas, det var ei stund sidan eg hadde snakka med venane våre
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Kjempefin liste som vanlig Silje ;) Og takk for at du deler ♥
Å, du er den beste med alle dine fine kommentarar! Takk, Ida ♥
Wolfie og Sharkie har noe å lære Zalo :-)
Hihi, ja! ;) Men så har dei blitt lært opp sidan dei var ganske små :)
Legg igjen ein fin tanke