2. okt. 2019

Tjønnebru

Som regel når me er på Sunnmøre, prøver me å få til ein fjelltur eller to. I området er det mange fine toppturar som ein kan gå, og me har vore på eit par slike turar opp gjennom åra. Men eg er ikkje den beste på å berre gå opp, opp, opp – eg liker best å gå bortover. Treng ikkje å vere ein grussti, kan godt vere ein skogssti eller i ulendt terreng, men toppturar er ikkje det eg liker best. Så klart, utsikta frå til dømes Giskemonibba eller Verahornet er uslåeleg, men likevel. Min betre halvdel fann ein bortovertur me kunne gå, og fredagen tok me på oss turtøy og gjekk ein tur til Tjønnebru. Å, dei haustfargane me kunne sjå rundt omkring, det er det aller beste med denne årstida! Og ser du hytta som ligg på andre sida av vatnet, langt oppe i lia, heilt for seg sjølv?


Skilt når ein er ute og går er eit must, og til Tjønnebru såg me både slike enkle i gammal stil og eit knallraudt eit som viser at dette er ein «Stikk ut»-tur. Det var også på stikkut.no at han fann denne turen, ein nettstad me antakeleg kjem til å besøke igjen neste gong me er på dei kantane av landet. Prøvde oss som vanleg på ein selfie, men gurimalla, rett ved brua blåste det noko veldig i tillegg til at sola skein sterkt, så for min del fekk eg mykje hår i trynet og myste automatisk på grunn av det skarpe lyset. Ha, ha, ein ser no at det er oss i alle fall ;) I løpet av turen, gjekk me forbi eit hyttefelt med fleire koselege hytter. På den eine hytteveggen var det måla eit koseleg bilete, og me stoppa begge to opp for å smile av teikninga. Ordentleg heimekoseleg! Herleg tur i eit veldig flott område. 

Legg igjen ein fin tanke