3. okt. 2019

Vink til ein ny månad v10

Neimen ikkje enkelt å sjå forskjell på september og oktober. Og kor i alle dagar blei september av?! Eg skjønner det verkeleg ikkje. Men eg skal ikkje dvele for lenge ved dette, for den tida – den fyk av garde litt i sitt eige tempo. Lite haustfargar å spore, i alle fall på dei trea som er der eg tar desse månadsbileta. Altså, litt er det, men ikkje slike friske oransje, gule og raude fargar som eg så gjerne skulle ha sett. Graset er framleis lysegrønt og benken skiftar enno plass frå månad til månad.

Legg igjen ein fin tanke