15. okt. 2019

Gotlandståget

Gotlandståget blir drive av Gotlands Hesselby Järnväg (GHJ) som sidan 1972 har vore pådrivar for å få i gong ein museumsjernbane etter at den vanlege togdrifta blei lagt ned i 1960. Men dette har ikkje vore berre berre å få til sidan alle togskjenene blei tatt bort og det same med mange av stasjonane. Nye skjener måtte på plass, stasjonar måtte pussast opp og bli bygd på nytt. Dei har bygd litt etter litt sidan oppstarten i 1972, og for fire år sidan stod den 6,5 km lange strekninga Roma-Hesselby klar. Roma stasjon var gul og kul med mange små, herlege og gamle detaljar. Inne i det lille stasjonsbygget kunne ein blant anna sjå kor jernbanelinjene gjekk den gongen det framleis var tog på øya. Toget kom etter kvart tøffande inn på stasjonen og me var klare til avgang. 


Hesselby stasjon er større enn Roma, og der har dei ein liten butikk, stasjonsmeister i uniform, gammal klokke og nydelege stokkroser. Rett ved stasjonen ligg det også ein koseleg kafé i gammal stil. Me kjøpte ein kopp med kaffi og sette oss på ein benk ute der me åt nistepakka som me hadde tatt med i sekken. Så fint å berre sitje der, nyte ein lunsjpause og kjenne feriekjensla.


Gammalt lokomotiv og togvogner i teak. Togturen var ikkje særskilt lang, men gøy var det no likevel. Kjempebra laga til med autentiske detaljar, den jobben dei har gjort med tanke på å leggje nye togskjener og fikse i stand stasjonane og toga. Eit absolutt levande museum!

Legg igjen ein fin tanke