10. okt. 2019

Som i eit eventyr

Utsikta som tar pusten frå meg. Gong på gong. Den er fin på dagen, storslått om kvelden. I vinter var det snø på fjelltoppane, så kaldt er det ikkje enno. Sjølv om det dei siste dagane hos svigers var gråvêr og regn, fekk me oppleve nokre heilt magiske solnedgangar. Gylne og varme, rosa og lilla. Den siste kvelden var den vakraste med ein himmel der skyene var blålilla og sola var gyllen som aldri før der den sakte gjekk bak fjellet. Heilt magisk, som tatt ut frå eit eventyr.

Legg igjen ein fin tanke