18. okt. 2019

Fårö fyr og ei nydeleg strand

Fårö er ei eiga øy som ligg nordaust for Gotland, såvidt åt skild frå Gotland av Fårösund. Øya er Sveriges niande største øy, og også der ute er det eit heilt nydeleg landskap. Sidan me budde nærmare sørspissen av Gotland, brukte me ein heil dag på å køyre fram og tilbake, men det var absolutt verdt det. Hadde ingen stor plan for kva me ville der ute anna enn å køyre litt rundt og berre oppleve øya. Eit punkt der me stoppa, var ved Fårö fyr. Fyret i seg sjølv var ikkje veldig spesielt, det var kvitt og heilt vanleg, men området rundt med alle steinane, sjøen og den vakraste stranda var noko å oppleve. Absolutt ein veldig fin plass. Den dagen me var der ute, skein sola og det var ordentleg sommar. Me tok av oss skoa og gjekk berrføtte i den mjuke, varme sanden.


Litt folk var det jo på stranda, men det var nok av plass, så me sette oss ned, tok fram kvar vår bok og lot tankane fare. Bleikfisar var me, men pyttsann, det var no ikkje berre oss som var bleike ;) Etter å ha varma oss i sola, fann me ut at me ville prøve temperaturen ute i sjøen. Me hadde med oss badetøy og det var herleg å bade sjølv om det ikkje blei ein lang svømmetur. På øya finst det også eit Ingmar Bergman-senter, men tida gjekk fort og me prioriterte fyrst og fremst naturopplevingar. For me såg også dei kulaste raukane, noko som eg ønskjer å vise i eit eige innlegg. Før me drog tilbake til "fastlandet", åt me middag på koselege Ebbas Mat og Kaffe. Langs vegkanten såg me stadig dei mest fargerike blomane. Den gule ferja som går mellom Gotland og Fårö tar berre syv-åtte minutt og er gratis. Ein herleg og avslappa dag ute "på den yderste nøgne ø".

Legg igjen ein fin tanke