9. okt. 2019

MS Nordkapp 🚢

For fyrste gong tok me Hurtigruten både nordover og sørover då me var på Sunnmøre. Me hadde eigentleg tenkt å sove over på ein camping nord for Bergen, for det hadde blitt rimelegare. Men det er langt å køyre heile vegen når ein har litt knapt med tid, og ved å ta båten, sparte me køyretid, bom, bensin og ferjer. Koseleg er det òg. Stod ei lita stund ute på dekk etter å ha lagt frå oss tinga i lugaren. Nydeleg å sjå solnedgangen over byen og båten. MS Nordkapp blei bygd i 1996, men det er berre tre år sidan den blei renovert. Litt sånn koseleg hyttestil med gamle ski på veggen, trestubbar som småbord og gode lenestolar. Før me la oss, sat me i Explorer barsalong med ein liten drink og kvar vår bok i fanget. Eg hadde stått opp halv seks den morgonen, så det blei ein tidleg kveld.


Torsdagsmorgon med knallgod frukost, kaffi, bølgeskvulp og gamle bøker på ei hylle inn til restauranten. Sola skein ned i sjøen og ein båt låg der, midt i sola og det heile var idyllisk. Sove godt hadde me også, for det var få bølger og lite duving. Me var framme i Ålesund rett rundt ti og hadde heile dagen foran oss. Heilt strålande måte å reise på, skulle berre ønskje det gjekk an å reise slik mellom Stavanger og Ålesund, for me må jo til Bergen fyrst. Men likevel: tommel opp!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Det både så og hørtes ut som en herlig tur ;)

Silje sa...

Jepp, me koste oss både på veg nordover og på veg sørover! :)

Legg igjen ein fin tanke