7. okt. 2019

Måndag med ein god lesehaug

Så dette er slik det ser ut på bordet her heime. Bøker, bøker og fleire bøker. Okei, så ser det ikkje akkurat slik ut – dei ligg til vanleg i ein haug – men jepp, eg les i alle desse bøkene no. For det er slikt som kan skje når fleire av ventelistebøkene kjem samstundes i tillegg til at eg les ei bok på lesebrettet og månadens klassikar. Må berre le litt av meg sjølv ;) Så i dag, etter å ha ete ein god frukost i lag med han der fine, tok eg fram den eine boka, koste meg med kaffien og las hundre sider. Seinare på dagen var det ein kopp med te og endå meir lesing. Ein finfin start på veka.

Legg igjen ein fin tanke