17. okt. 2019

Arboret ein haustlaurdag

Fargeeksplosjonen som er ute no – så mange friske fargar. Eg blir ordentleg glad og kjenner det gir meg ekstra energi, for nokon av dagane er mørke og tunge. Hausten er både og for min del. Laurdag for nærmare to veker sidan var me fyrst ute på Ålgård der me titta innom NMS Gjenbruk og Norwegian Outlet før me parkerte ved Rogaland Arboret. Og ein finare plass om hausten skal du leite lenge etter! Me traska rundt på dei mange forskjellige stiane med namn som "Rundgangen", "Furustien" og Revestien". Himmelen var lyseblå og sola skein overalt. Tempoet var skikkelig rusletempo, noko som passa oss bra. Takksam for ein slik haustdag i eit nydeleg turområde.

Legg igjen ein fin tanke