11. okt. 2019

Fredagsdans



Fred Astaire. Dansinga hans, lyden av rask stepping. Å sjå ein Astaire-film er noko heilt spesielt; ingen kunne danse som han. Klippet over er frå filmen Broadway Melody of 1940 og her dansar han i lag med Eleanor Powell. Begge to dansar lett på tå, og det ser så enkelt ut. Og alle piruettane mot slutten. Ein fryd for auget. Slik startar eg fredagen, ein fredagsdans med Fred Astaire.

Legg igjen ein fin tanke