8. okt. 2019

Solskin inn gjennom eit kjøkkenvindauge

Sola skin inn i leilegheita vår, akkurat slik den gjorde ein dag heime hos svigers også. Me åt frukost og inn gjennom kjøkkenvindauget dukka det opp fleire solstrålar. Og med kaffi i favorittkoppen var det ein flott morgon. På dei grå regnvêrsdagane spelte me alt frå "Mistenkt" til "Millionær" og til med eit slag "Yatzy". Jeremias var i kosehumør eit par av dagane, så litt kvalitetstid med han blei det også tid til. Ho eine niesa mi ville overraske bestemor (svigermor) med ei kake sidan ho hadde hatt bursdag ein månad tidlegare. Me laga ei gulrotkake så å seie i smug og alle synest den blei veldig god; det var i alle fall nok glasur, ho, ho! Kjekke dagar i lag med ein kjekk gjeng.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Hei - måtte kikke innom og se hva du har skrevet i det siste :-) Og jeg blir jo like overasket hver gang jeg ser noe kjent: voksduken på bordet, kaffekoppen(e) - kjøpt på Kyrkjetorget sjølsagt, av og til planten min på salongbordet osv :-) Men aller mest glad blir jeg av de fine bildene av Jeremias - mor sin gamle pus, som nå går i sitt 18. år, og har gitt oss mange kosestunder og artige opplevelser! Du er flink og flittig med fotoapparatet - det skal du ha :-) Og tusen takk for den gode kaka dere laget i "hemmelighet" (greit med to kjøkken i huset) - jeg begynte jo å lukte lunta etterhvert, men det var koselig med en forsinket feiring. Og så var det vel litt til Bestefar også, kanskje - som hadde nær forestående dag. Ja de barna, de kan overraske av og til!

Silje sa...

Han Jeremias er ein finfin pus, og eg synest det er like koseleg kvar gong han er i kosehumør :) Ein kan finne mykje fint og rart på Kyrkjetorget, det er det ikkje noko tvil om, hi, hi! Og så skjønner jo at du lukta lunta etter kvart, men ei lita overrasking var det nok likevel. Me hadde ei hyggeleg ferie i lag med dykk alle saman :)

Legg igjen ein fin tanke