13. okt. 2019

Fargerik sundagsliste

Sundagen er nesten over. Blir ei sein sundagsliste i dag, men sånn blir det når eg har hatt jobbhelg. Sidan vêret har vore nokså grått her i byen denne veka, har det vore ganske mange badegjestar hos oss i svømmehallen. Timane har rett og slett foke av garde. Om ein ser bort frå alle timane på jobb, har eg ikkje gjort så veldig mykje denne veka. Gått ein tur i yrande regn, lese ein del kvar dag, beundra haustfargane og kost meg med både te og kaffi (ikkje samstundes, altså). Ei heilt vanleg jobbveke som byrja på ein onsdag. Tenkjer det blir litt lesing om ikkje så lenge, no kjem lista:

✦ lese den sjarmerande boka Hagen for små begynnelser
✦ ååå, koalaer er berre så herlege og søte
✦ komme heim til ein kopp heimelaga kakao etter seinvakta på jobb
✦ og etter jobben i går: komme heim til ein bukett raude roser
✦ hi, hi, dette er meg når eg les gode bøker
✦ lage ferdig og tinge heim årets julekort
✦ ein Harry Potter-referanse på Duolingo
✦ stilig å lese om masaiar i Kenya som no bruker solenergi for å få straum
✦ tetid på ein måndag
✦ svømme tusen meter og hoppe frå 5-meteren då me onsdag hadde eigentrening
✦ lyset i skogen og spindelveven i graset ein haustmorgon
✦ "Top 10 Best Alan Menken Musicals" – for musikalar og Alan Menken begge er alle tiders
✦ har nettopp lese to bøker av Jojo Moyes: Den ene pluss en og kortromanen Honeymoon in Paris
✦ dette blogginnlegget om intensjon og julegåver inne hos Mariell
✦ sjå eit par episodar av den britiske TV-serien Stella med Ruth Jones i spissen
✦ starte så å seie kvar dag med å lese i ei bok og drikke ein ekstra kopp med kaffi
✦ liten teasertrailer for den nye filmatiseringa av The Secret Garden
✦ er framleis veldig glad i gatekunsten me har her i Stavanger
✦ så fin liste inne hos Et katteliv, nemleg "Takknemlighetslista"
✦ haustfargane på eit tre og langs rennekanten midt i sentrum

Legg igjen ein fin tanke