16. aug. 2018

Verahornet

Starte ein tur i skogen. Høyre det rasle, susinga frå tretoppane. Sola som finn vegen ned til skogbotnen, som lys opp som et gyllent teppe. Så vidare opp på ein bratt og smal sti. Kjenne sola varme og svetten sile sjølv om det ikkje er den lengste turen. Me fekk gått ein fjelltur då me var på Sunnmøre førre veke. Vêret var ikkje heilt med oss, bortsett frå tysdag. Turen gjekk til Verahornet, 518 moh. Med oss på tur var også eldstebroren til mannen min, og det blei ein akkurat passe tur. For eg er ikkje den aller beste på toppturar, og då er det meir motiverande med ein kortare tur.


Likevel. Å gå opp, opp, opp er jo verdt det når ein får sjå ei slik utsikt. Det er noko eige ved dei høge, spisse fjella. Akkurat som Slettafossen og Trollveggen: det er så vilt og samstundes så vakkert. Stod der ei stund og berre naut synet. Eit lite hopp blei det også, eit hopp og eit stort smil. Før me gjekk ned igjen, såg me sola gjennom regnskyene. Eit stort og kvitt lys, eit lite stykke magi.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

So flott! Bileta er til å misse pusten av. Eg er heller ikkje særleg god på toppturar (likar betre å gå langs vatn eller innover i dalar eller langs fjellsidene), men har fått utfordra meg litt i sommar. Og eg har funne ut at når ein går med dei rette personane, som kan vere tolmodige og klarer å halde humøret oppe, so går det bra.

Silje sa...

Kjenner meg veldig godt igjen, for det er slik for min del også: viss eg går med dei rette personane som motiverer og som toler å vente, kan ein toppturar vere perfekt! Å gå i skog og mark eller langs eit vatn er nok det som passar meg aller best ;) Og ja, utsikta oppe på Verahornet er fantastisk! :D

Legg igjen ein fin tanke