16. okt. 2019

Liten gåtur til jobb

Onsdagskveld er snart over, og denne dagen har verkeleg gått i eitt med morgonvakt, hovudvask, møte på jobb, ein liten trudelutt på trombonen oppe på 5-meteren (tenkte eg skulle prøve akustikken, tihi) og heim til ein kollega etterpå for å ete middag og sjå film. Både i går og på måndag gjekk eg til jobben, for det var fint vêr ute og det er kjekt å bruke beina fatt til ei forandring. I sekken hadde eg med meg kameraet for å kunne ta bilete av alle haustblada. Fann mange blad på min veg, noko eg kjem tilbake til, men eg fann også nokre blomar og fine steinar i graset og ved eit gjerde. Alt det ein plutseleg kan oppdage når ein berre tar seg tid :)

Legg igjen ein fin tanke