9. okt. 2019

Og MS Kong Harald 🚢

Kaféen Multe, både namnet og interiøret, er superkoseleg. På veg sørover var me ombord på MS Kong Harald, og akkurat som MS Nordkapp, blei skipet renovert i 2016 (opprinneleg bygd i 1993). Interiøret er ganske likt, og kaféen har det same namnet. Sidan me hadde fleire timar i båten på dagtid før me var i land, sat me lenge i kaféen. Han jobba litt, eg las mykje og berre tok det heilt med ro. Tok ein del bilete, for eg digga som sagt stilen, så heimekoseleg og litt hytteaktig! Koste oss med ein vaffel og is på deling i tillegg til kvar vår gode kaffi. Ordentleg avslappande!


Før me fann fram til Multe, åt me frukost. For dei som lurer, tok me båten mellom Molde og Bergen. Enklare å gå på i Molde sidan den går derifrå halv ti om kvelden; i Ålesund er klokka eitt midt på natta. Me åt frukosten tidleg og fann eit bord rett ved vindauget. For ein blåtime det var ute! Frukosten var av ypperste klasse og mitt bokhjarte hoppa litt ekstra av endå fleire gamle bøker. Vêret var fint, og sjølv om eg koste meg i kaféen, måtte eg ut på dekket og kjenne lufta, sjå det blå havet og den blå himmelen. Halv tre var me i Bergen og tok fatt på siste strekning heim.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så koselige bilder ;) Jeg har ikke vært så begeistret for oppussingen av hurtigrutene (jeg var jo så glad i de gamle), men nå begynner jeg å sette litt pris på den der hyttestilen. Og navnet Multe er jo også så fint ;)

Silje sa...

Mykje gammalt sånn generelt, har jo sjarm, nostalgi og originalitet, så eg er heilt med på det du skriv ang. oppussinga. Men eg synest no den hyttestilen er litt sjarmerande den også, og namnet Multe er berre heilt konge! :D Kjempebra tur!

Legg igjen ein fin tanke