4. okt. 2019

Devoldfabrikken og kulaste Kyrkjetorget

Sidan me var tidleg framme i Ålesund førre torsdag, bestemte me oss for køyre til Langevåg og Devoldfabrikken allereie den fyrste dagen. For me pleier som regel å ta ein tur ut dit når me er på Sunnmøre. Det er ikkje så viktig om me finn noko, det er turen ut dit som er målet. Plassen er berre kjempeflott og med så mange kule detaljar! I eit mindre bygg på området ligg det eit glasblåseri og rett utanfor blåseriet oppdaga me to glasballongar. Så stilige dei er mot fjellet i bakgrunnen! Og ei gammal, rustikk dør. Rart korleis ein plutseleg oppdagar nye ting på ein plass ein har vore ein del gongar før. Koste oss også i Kantina (ja, kaféen heiter det) med kvar vår kaffi og noko søtt.


Fabrikken ligg rett ved ei brygge, og vêret den torsdagen var så fint som det kan vere mot slutten av september. Me fann ein plass å sitje på ein benk, og der åt me lunsjen vår. Medan me sat der, såg me ein hegre som luska rundt ved båtane, grå og ganske kamuflert. Det var litt som i "Vi lister oss så stil på tå...", hi, hi. Nydeleg å sitje heilt nede ved sjøen, senke skuldrene og kjenne lukta av hav.


Kyrkjetorget er eit anna fast stopp når me er hos svigers. For dette er ein gjenbruksbutikk med så mykje fint og rart, og det er som ei skattejakt kvar gong me er innom. No har dei også fått betre plass og det er blitt ordentleg lyst, opent og oversiktleg. Glaskaraffelen i oransje synest eg var kjempekul, men den blei ståande til noko andre som kan ha bruk for den. Eit teppe i herlege 70-talsfargar og eit flott servise var også noko eg likte godt. Fire ting blei med oss heim, og de skal få sjå kva det er etter kvart. Men ikkje akkurat no, for no er det fredag og helg, folkens!

Legg igjen ein fin tanke