5. okt. 2019

Haust rundt Nakken

Ikkje berre fekk me gått ein tur til Tjønnebru, me fekk også gått ein liten tur rundt Nakken. Dette er utmarka rundt garden der svigers bur, her kan ein gå ein runde i skog og mark. "Trollbittet" blei med på eit bilete saman med rundballane og me smilte breitt av eit skilt om hundeskit. Overalt kor me gjekk såg me haustens fargar. Lyng, blad og sopp i forskjellige fargar og bregnar som blei lyst opp av sola. Når ein får oppleve ein septemberdag som den førre laurdag, då er hausten fin!

Legg igjen ein fin tanke