6. okt. 2019

Kort jobbveke

Vel, vel, sundag igjen. Veka har vore noko oppdelt sidan me starta den på Sunnmøre, så reiste med Hurtigruten heim og hadde berre to dagar på jobb, men den har vore veldig fin. Kinotur med tanteungane på måndag, vakraste utsikta og rosalilla solnedgang, bøker, reise med nemnde båt, ein annleis fredagstaco hos eit venepar og tur i Arboret. Dei to dagane på jobb gjekk fort, kan vel ikkje seie noko anna enn det, og no har eg fri fram til onsdag. Helga har vore akkurat passe med både eit par aktivitetar og ein god del avslapping. Litt husarbeid har det også blitt. I går var me innom Norwegian Outlet på Ålgård. Hadde ikkje vore der før, og me fann begge to eit par plagg som me hadde leita etter. Broren min var her på middag og film i går, noko som var kjempekoseleg. Tenkte eg skulle prøve å poste dette innlegget tidleg sidan eg har mange bøker som ventar på meg. Og med tanke på at me har vore både her og der denne veka, er sundagslista proppa med godt og blanda:

✦ Island Song – om Guernsey under andre verdskrig med ein rørande slutt
✦ ein liten video med så mange skjønne piggsvin *smelt*
✦ tur innom NMS Gjenbruk og Norwegian Outlet på Ålgård
✦ asiatisk vri på fredagstacoen hos eit venepar, og det blei også brettspel og mykje prat
✦ septemberoppsummeringa inne hos Et katteliv, for september har vore veldig fin
✦ treffe tanta mi på kaia i Florø etter ein god båtfrukost før me drog vidare med Hurtigruten
✦ laurdagspizza og kjekk film saman med broremann og min betre halvdel
✦ proppfullt med haustfargar då me gjekk tur i Rogaland Arboret i går i nydeleg oktobersol
✦ "Only bookworms have done at least 24/36 of these things" – hi, hi, eg kryssa av mange her
✦ kaffi og noko å bite i på den koselege kaféen Multe på MS Kong Harald
✦ fekk gullhår då eg stod ute på tunet og såg på solnedgangen heime hos svigers
✦ og det er ikkje berre der dei har vakker solnedgang: me opplevde nyleg ein ved blokka vår
✦ dachsen Loulou er så himla søt, både som stor og som liten
 bok som nok ikkje er min smak, men som eg på ein måte likte: The Little Shop of Found Things
✦ filmen Toy Story 4 på Amfi Moa og i same slengen stakk me innom det nye biblioteket
✦ ein siste tur på Kyrkjetorget for denne gongen, dei har så mykje rart og fint i den butikken
✦ hente nye bøker på biblioteket og byrje å lese i desse

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Fine lista ♥ Så koselig navn på kaféen på Kong Harald, for noen nydelige himmelbilder, og nå fikk jeg veldig lyst å lese Island Song. Jeg fikk jo øynene opp for Guernsey når jeg leste Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai. Vi har så lyst å reise dit. Ønsker deg en nydelig fin søndag ;) Klem.

Silje sa...

Las "Guernsey når jeg leste Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai" i fjor, og eg veit akkurat kva du meiner, for eg har veldig lyst til å besøke Guernsey sjølv ;) Å reise med Hurtigruten er ein super måte å komme seg frå A til B på, alltid. Klem tilbake, finaste deg!

Legg igjen ein fin tanke