Ser at det ofte blir bilete av bøker i desse sundagslistene, men det er akkurat slik det er. Eg er ein bokelskar, les difor mykje og eg liker å skrive eit par setningar om dei på Instagram, og då blir dei med i vekesoppsummeringane også. Denne gongen er det to bøker av Rainbow Rowell, og nok ein gong har eg verkeleg kost meg med hennar bøker. Enkelt å finne høgdepunktet denne veka, for me har jo vore i Oslo i helga og der såg me The Sound of Music. Å, den musikalen! Nok ein gong ei kjempebra oppsetting! Blomar midt på torget, møte på ei barndomsveninne på jobb, togtur til hovudstaden (og tilbake igjen) og ein tur i Vigelandsparken må også nemnast denne veka. Dagskift frå i morgon av, så det blir vel senga om ikkje så altfor lenge. Dette var mi septemberveke:
✦ boka Fangirl av Rainbow Rowell, eg trur dette er ein ny favoritt
✦ å få oppleve The Sound of Music på Folketeateret
✦ og møte på ein eg gjekk på videregåande med etter forestilling, han speler nemleg i musikalen
✦ synest dette DIY-prosjektet inne hos A Beautiful Mess er kjempestilig
✦ ete lunsj i Oslo i lag med ein kompis av oss
✦ verdig avslutning på Netflix-serien Orange is the New Black
✦ "Top 10 Most Underrated Harry Potter Characters"
✦ og etter å ha lese Fangirl, berre måtte eg lese Carry On, ei bok eg også likte veldig godt
✦ ta toget tur-retur Stavanger-Oslo, slappe av med ei bok og kaffi i ein koseleg kopp
✦ Loulou, den aller finaste dachsen, saman med mange forskjellige fine dyrevenar
✦ fargesterke blomar midt på torget her i byen vår
✦ "Å tørre å være seg selv" – så god skrive og eg kjenner meg veldig igjen
✦ stemme ved fylkes- og kommunevalet rett etter jobben ein dag
✦ kjempekoseleg å prate med ei barndomsveninne som var innom for å svømme
✦ me som er blitt så glade i togturar: Krøderbanen er absolutt noko me ønskjer å sjekke ut
✦ ny sesong av den briljante serien Mindhunter
✦ Vigelandsparken var fin også i gråvêret
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Atter en fin liste og takk for at du deler "Å tørre å være seg selv" ♥
Besteste deg! Skulle berre mangle, synest innlegget var kjempefint og veldig bra skrive! <3
Legg igjen ein fin tanke