12. des. 2022

Hageland, eller eit lite nisseland


Åt ordentleg julegraut til lunsj i lag med dei andre på jobben i dag. Klagar ikkje på ein slik måndag. Startar veka med ein liten haug julebilete frå Hageland Tronsholen. I førjulstida kan ein dra dit og komme inn i eit verkeleg vintereventyrland, eit lite juleland. Her er det juletre og julepynt i alle moglege variantar, og butikken er ordna i kategoriar og stilar. Her er skogstema eller ein meir klassisk julepyntstil, det er raude, grøne og kvite fargar. Små hus som ein kan setje saman til å bli eigne vinterlandsbyar. Sjølv kjøpte eg berre tre små ting (syntest julepiggsvina var litt ekstra søte), for me har det me treng av julepynt, og det aller kjekkaste var berre å gå rundt og sjå på alt det som glirta, blinka og var levande rundt oss. Ser du snømannen inne i ein snøande lyktestolpe? Og det lille kaffihuset? Gøy var det i alle fall å stå ved miniatyrlandsbyen og få auge på detalj etter detalj.

Legg igjen ein fin tanke